Eit siste innlegg

Etter snart 3,5 år som bloggar, ser eg at den opprinnelege intensjonen med bloggen, har forsvunne litt etter litt. Så no trur eg at eg tek ein pause, kanskje for godt.
Eg starta denne bloggen etter å ha bestemt meg for å prøve husmorrolla 100% prosent. Det har vore eit givande prosjekt, og eg kjenner at eg framleis blir provosert når eg les ting som t.d det som står på Framtida.no i dag om husmødre.
Sjeldan har eg lese slik ei ovanifrå-og-ned haldning. Uttalar som "...er det dette unge jenter vil, å syne at dei kan bake....?" eller når det står at.. "husmortrenda i dag er ei form for sjølvrealisering....." Snakk om å bomme fullstendig! Då har vedkomande ikkje skjøna særleg mykje. Nei, eg har ikkje eit spesielt stort behov for å forsvare mine val, men av og til føler eg det er naudsynt å seie i frå!

Til liks med meg sjølv har dei alle fleste av husmødrene eg kjenner, ei god utdanning og har  vore i jobb i mange år, fleire i krevjande og leiande stillingar. Men så er det slik at mange får eit litt anna syn på kva dei ønskjer å bruke både livet og tida si på, når dei får born. Dette gjeld sjølvsagt både menn og kvinner. Er det så gale? Kan me ikkje få lov til det, utan å bli stempla som sjølvrealiserande, "cupcake-bloggarar"??!! Kvifor har de så vondt av dette? Eg bakar cupcakes og eg er STOLT av det, ha-ha!!
Eg tør påstå at eg og mine husmor-systrer gjev like mykje tilbake til samfunnet som viss me hadde vore ute i BETALT jobb. Så det så!
Det det handlar om er toleranse - det å tole og akseptera at nokon gjere andre val enn det du sjølve gjer. Kven er det som har fordommar ifht kvinner her??
Jenter og gutar i dag er frie til å velgje nett det dei vil når det gjeld utdanning og jobb. Noko av det viktigaste me kan gjere er å syne dei gode førebileta - menn som arbeidar i helse,- og omsorgssektoren, eller med barn og unge. Damer som sitt i gravemaskin, eller borar etter olje i nordsjøen.

Men no skal eg ikkje bruke det siste innlegget mitt berre på å "stå opp" for husmorrolla, eller husfarrolla for den saks skuld.

I går var det Kvinnedagen og eg var på markeringa på Sand. Programmet i år var kjempebra og prikken over i´en var filmen Ørkenblomst. For ein sterk og gripande film! Denne burde eigentleg vere obligatorisk pensum på ungdomsskulen.

Takk for no:-))


Er ganske tom....

Det blir ikkje noko oppsummering av veka som har gått, eg orkar berre rett og slett ikkje! Dette må berre få gå sin gang så kjem eg nok sterkt tilbake litt seinare;-)
Dagen i dag har iallefall vore god.

Ønskjer alle ei god veke - hugs å ta vare på dei du bryr deg om!

Fotball og politkk

Denne veka kan vel oppsummerast med eit ord - TRAVELT!!......men kjekk:-)
1.klassingen i huset har spela sin fyrste fotballkamp, (Statkraftcupen), og laget hennar vann 3 av 4 kampar, og den 4. blei uavgjort. Då tenker eg at sjølvtilliten er på topp til neste gong dei skal spele kamp:-)


Nokre telefonar har det blitt også denne veka, i frå folk som vil diskutere saker og politikk. Kommunestyret på tysdag var.......interessant, trur eg at eg vil seie. Får stadig a-ha opplevingar - og det gjeld ikkje berre sakene.......!
Fylkesårsmøte i Rogaland Venstre var ei fin avslutning på veka, og gjett kva?? Eg blei valt inn i styret som sekretær - veeeeldig kjekt!! Les meir her.
På fylkesårsmøter blir det som regel ikkje så mykje soving, det er så mange folk ein absolutt snakke med, bli kjend med, diskutere med, og kvelden og natta går altfor fort;-)
Så i kveld er eg trøytt før kl.22.00....det blir ein tidleg kveld. I morgon er det ei ny veke, og mens nokon skal til Paris ein liten svipptur, skal eg berre til Stavanger.
1.klassingen fyller 7 år på sundag og eg skal handle presang, mellom anna.

Ønskjer deg ei fortreffeleg veke!

Det skal ikkje vere lett!

I dag har eg lyst å fortelje litt om mine erfaringar så langt, rundt det å vere folkevald. Eg har nemleg brukt nokre timar av sundagen til å sjå igjennom gamle kommunestyreopptak, (jau eg har mange kjekkarare ting å gjere på ein sundag - halloooooo!! eg har 4 born...), og så sitt eg her då, litt klokare men med fleire spørsmål enn då eg byrja, hehe!

Eg representerar Suldal Venstre i kommunestyret og eg syns det er ei stor tillitserklæring eg har fått av veljarane. Me i Venstre er sjølvsagt veldig glade for at arbeidet vårt dei siste åra gav resultat ved kommunevalet, MEN det er jo faktiskt no at den verkelege jobben byrjar!

Eg visste mellom anna ikkje at det er forventa at me som nye politikarar skal ha kunnskap om det meste som det tidligare kommunestyret hadde fått gjennom dei 4 siste åra. Det er greit nok med det skriftlege og det som vert protokollført, det kan ein lese seg til - og gudane skal vite at eg har LESE!!! -  problemet kjem når det også er ganske mykje som blir munnleg formidla - og då kjenner eg at eg slit litt. Som leiar i partiet er det vel kanskje også forventa at ein skal "vita alt", og få utfyllande referat i frå kommunestyrerepresentanten/ane. Men i praksis er det jo ikkje slik.
Då må ein inn å sjå gamle opptak av kommunestyremøta, og på ei litt dårleg internettforbindelse kan det verta ei krevjande øvelse! Men ein så ein, og eg forstår jo at det kan ha sine fordelar.
Eg kan ihvertfall love at eg hadde sørga for å få pengar til Arena Eide inn på budsjettet for 2012, hadde eg visst det eg veit no:-)
Og då kjem naturlegvis det opplagde spørsmålet: Kvifor vart det ingen som sørgja for for det då???? Det har eg eigentleg ikkje fått svar på.....det spørs om nokon veit..... Det er ihvertfall ingen som vil ta sjølvkritikk for det. Eller jo forresten, me i Venstre kan godt ta vår del av skulda for at det blei slik, ingen problem.

Men eg sitt no her allikevel og lurar på om det faktiskt kan vere slik at det ikkje er forventa at me som er nye i kommunestyret skal ha like mykje kunnskap om tidligare saker som dei som satt i forrige periode? Ja sanneleg, det trur eg kanskje;-)) Då trur eg ikkje at eg gidd å lese meir i kveld.

Ha ei jysla fin veke, for det har eg tenkt å ha!

 

E det så gale??

Av og til les eg skikkeleg gode kommentarar i Stavanger Aftenblad og denne veka las eg to! Den eine var ved Per Fugelli, professor i sosialmedisin. Overskrifta på kommentaren hans var  "Matro" og handla om den uroa som finst rundt mat i det moderne Noreg i dag. Ein ny diagnose har dukka opp på legekontora: ortorexi - å vere sykeleg oppteken av å ete rett. Fugelli snakkar om måltidets fire kvalitetar, tryggleik, glede, ekthet og rettferd og kjem med fylgjande oppskrift, oppsummert;
"Vi må ta matens uskyld tilbake. Flytte maten fra frykt til trygghet, fra plikt og strev til glede, fra kunstighet til ekthet, fra fråtsing til rettferdighet. Vi må lede maten utav molekylenes ørken, ut av forskernes og mediedramaturgenes Dommedag, og inn i Lystenes hage." Veldig bra skrive og mykje rom for ettertanke.

Den andre kommentaren var ved Jan Zahl, journalist i SA. Overskrifta på kommentaren hans var "La idiotiet leva!" og handla om den noko uheldige kommentaren i frå Plumbo under Spelemannsprisutdelinga. Zahl meiner takhøgda i Noreg er blitt for låg, vegen for smal og det menneskelege handlingsrommet for trongt. Eg kunne ikkje vore meir einig! Han siterar den australske stand up-komikarn, Stveve Hughes:
"Politisk korrektheit er undertrykkinga av vår eigen intellektuelle aktivitet, slik at ingen seier noko lenge - i tilfelle nokon blir fornærma", seier Hughes, og spør retorisk kva som skjer om nokon seier noko som fornærmar nokon.
"Vel, då kan dei vera fornærma. Kva er galt med å vera fornærma? Men det s k j e r  jo ingenting. Vær fornærma, du er vaksen, handter det."
Er det så gale??

MOR OG BARN UNDERSØKINGA
Denne veka fekk eg ein e-post i frå Mor,- og barnundersøkinga.
Du har kanskje høyrt om Mor,- og barnundersøkinga (MoBa)? Kanskje du også deltek i den? Det gjer nemleg eg.  Eg har fylt ut mange spørjeskjema i frå eg gjekk gravid med dei to minste, og skal fortsette med det til dei er blitt 18 år. No er det ekstra kjekt å vere med fordi resultata har byrja å kome, og så langt har 17 teke doktorgrad med utgongspunkt i MoBa, og berre i 2011 blei over 50 vitenskaplege artiklar i frå undersøkinga publisert. Noko av det forskarane har funne ut er:


ØKOLOGISK SEMINAR

Eg og mannen har delteke på vårt fyrste seminar om økologisk landbruk. Det var veldig interessant og inpirerande - noko fagsamlingar som regel alltid er - og me knytte nettverk og blei kjend med mange i dette miljøet, som ein ikkje akkurat kan kalle stort, enno!
Det var flinke innleiarar i frå heile Noreg, og desse nettsidene har eg besøkt:

  • Horgen Gård - Nes i Akershus. Driv økologisk kjøtproduksjon av Aberdeen Angus mest utan bruk av kraftfôr.
  • Trines Gartneri - Karmøy. Dyrkar økologiske urter, grønsaker og blomar. Brukar mellom anna tare som gjødsel i tomatproduksjon.
  • Grønn Hverdag - Har gjort ei udersøking på kven som et økologisk på Haugalandet, og presenterte resultata på seminaret.
  • Middagshjelpen - Forretningskonsept kor ein leverar posar med råvarer og middagsoppskrifter direkte heim til folk. Har fokus på øklogisk mat og er etablert i mellom anna Oslo og Stavanger.

    Er du interessert i økologisk hudpleie, anbefalar eg denne nettsida: MARIA ÅKERBERG

    Denne vekas økologiske innkjøp:



POLITIKK
Denne veka har også handla om politikk, no har eg verkeleg fått politikk på maten!
Venstre har markert seg i ei - for meg - prinsipiell viktig sak og den vart omtalt i lokalavisa. Etter dette har eg fått mange henvendingar, både skriftlige og munnlege, i frå engasjerte folk. Det er kjekt! Ikkje alle er einige med oss sjølvsagt, men slik er det. Debatt er bra og me treng meir av det!

Stikkord:

Norsk sjømat og levande bygder

Måndag morgon, opp kl.06.00 for å lage pannekaker til frukost. Det skjer ikkje kvar morgon i denne heimen, for å seie det slik, men guri malla for ein effektiv måte å få dei minste opp på! Berre ordet pannekake var nok til at dei spratt opp av senga, og påkledning og tannpuss gjekk som ein leik - ingen sure miner:-)
Jaja, dette kan eg gjere oftare!
Foreldremøte, jobb, korpsøving, seminar, styremøte, formannskap og litt meir jobb - ei kjapp oppsummering av denne veka - kor det fyrste høgdepunktet var fellesøvinga med alle korpsa i kommunen. Åh eg gledar meg til konserten i mars!
Eit anna høgdepunkt var seminaret på Finnøy om EU-prosjektet Vital Rural Area, eller på nynorsk Levande Bygder. Seminaret handla kort fortald om korles ein kan gjere bygdene meir attraktive og aktuelle for tilflytting. Noko som er ganske aktuelt for Suldal.

Vurderar sterkt om eg skal abonnere på magasinet Norsk Sjømat, då dei hadde fleire utruleg bra reportasjar i siste utgåve, (som eg las på kulturhuset).

Nye nettsider eg har besøkt denne veka:          

- Kampanje for laksenæringa    
- Folkehelseinstituttet og kommunehelsa - Suldal kommune ligg ikkje så verst ann!
- Distriktssenteret - eit mekka for deg som er interessert i distrikta.   

Ønskjer deg ei fin veke!



Stikkord:

Sjakk og Chess

Allereie 1 veke inn i det nye året er det vel ikkje direkte feil å konstatere at det meste er ved det same! På måndags morgon var dagen og resten av veka omhyggeleg planlagt, heilt ned på timen, men innan dagen var omme så hadde eg omorganisert både ein og to gonger. Når eg atpåtil mista mest all informasjonen i kalenderen på Ipad´en min, ja då var det rett før eg "klikka" (som borna plar å seie). Så no sitt eg her, det er sundag og den minst aktive dagen i veka. Det er tid til det som det vanlegvis ikkje er så mykje tid til elles i veka. Til dømes at litlegut akkurat no vil ha meg til å vise han korleis han skal sette opp sjakkbrikkene på brettet og etterpå skal me spele....
"Mamma er litt oppteken akkurat no, guten min, kan du vente litt?"

For å vere heilt sikker på å ikkje få for mykje fritid, har eg meldt meg på eit høgskulekurs i bedriftsøkonomi og rekneskap, eit seminar om m.a. ugrasbekjemping i økologisk produksjon, beitekurs for sau og til slutt eit undervegs-seminar om samfunssutvikling og levande bygder.
Her er nokon nye nettsider eg har besøkt;
- www.klimakommune.enova.no - kor eg mellom anna las at klimagassutslippa pr innb. i 2007 i Suldal var på heile 12.648,43 kg!
- www.bisca.no - for å finne ei god oppskrift på fyll til terteskjell
- www.mathallenoslo.no - som vart anbefalt av Slow Food Norge, som eg følgjer på FB.

Eg har hatt fleire fine musikkopplevingar denne veka. To av dei var på radioen i bilen, litt seint på kvelden på veg heim i frå eit eller anna.. Aha med The sun always shines on tv og Jan Teigen med Min første kjærlighet. Begge melodiane tok meg 25 år tilbake i tid...mimre, mimre:-)
På korpsøvinga denne veka øvde me litt på alle songane me skal spele på konserten i Kulturhuset den 4.mars. Denne konserten må du få med deg, altså. Då kan du få høyre brassversjonane av mellom anna Thriller, Tomorrow, ABBA, Cavatina, I know him so well og mange fleire!

No skal eg spele sjakk med litlegutt.....kanskje!!
     
Tog du an??




 

Godt nytt år!

Er det ikkje herlig? Eit heilt nytt, blankt og ubrukt år?
Dette året føler eg ekstra for å byrje eit nytt og bedre liv. Ja, eg veit det er ein klisjè, men kvifor ikkje? Eg snakkar ikkje om dei stooooore tinga, nei, berre det å trene litt meir....litt meir enn ingenting skal jo ikkje bli så vanskeleg? Spise litt sunnare, det vil seie litt meir økologisk mat.
1.januar 2012 er ein jysla bra dato! Legg du merke til at eg ikkje skriv at eg skal gjere mindre av dèt eller dèt? Eg såg det sjølv no mens eg skreiv.....
Eigentleg så kokar det vel ned til at eg skal byrje å ta litt bedre vare på meg sjølv og kroppen min....når ein er blitt 40+ er det faktiskt heilt naudsynt!! Kroppen treng ein smule meir merksemd enn når du er i 30-åra. Så det så!! 
Og til slutt, eg skal bli litt flinkare til å halde bloggen min oppdatert. Det vil seie at eg kjem til å skrive eit innlegg kvar sundag, ei lita oppsummering av veka som har gått - så då veit du det:-)

Ein annan ting eg plar gjere 1.januar er å sjå tilbake på året som er gått. Kva hugsar eg best, kva har skjedd? 
22.juli, Tenerife, London, Grand Hotell og kafè, Det Norsk Måltid, kommunestyre, kalenderprosjekt, konfirmasjon, 60-års dag, far, 1.skuledag, jobb i Stavanger, Solastranda, Trine Skei Grande,  Nordsjørittet.........og ein heil del andre ting som eg ikkje har tenkt å dele med nokon, haha! Legg ved nokre bilete som også er ein del av 2011.
Så vonar eg at 2012 blir eit godt år for deg òg! 

























Halvøyreklame

Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag, (som eg er medlem i),  har lage ein kalender for Ropeidhalvøya. I går hadde me lanseringsfest og inviterte til fest på grendahuset. Det vart ein veldig kjekk kveld der me endeleg kunne få vise kva me har jobba med det siste året. Kalenderpresentasjonen kan du sjå her, og skru gjerne opp volumet - musikken er mektig og råbra!! Det syns ihvertfall eg.......

Slik ser framsida ut og du kan bestille kalenderen på nettstaden for Ropeidhalvøya.



Stikkord:

Halloween på bygda



Halloween er komen til bygda, viss nokon var i tvil om det!
Mine born har skremt naboane (les: næraste hus i 3 km omkrins), i nokre år no, på denne tida av året. Eg hugsar at dei var litt usikre det fyrste året - korleis kom naboane til å ta imot dei?? Kom dei til å forstå kvifor det stod 2-3 ungar utkledd som mannen med ljåen på trappa, og truga med knask eller knep??? (alle naboane er 50+) Vel, la meg seie det slik; etter nokre år var dei førebudd på besøk!
Eg vil fortelje om to halloween-besøk som kanskje ikkje gjekk heilt som planlagt og som var jysla morosame, syns eg:-)

4-5 år sidan: 3 born ringar på døra og nabokona kjem ut - ho ser kva som står på trappa og ropar til mannen at han skal kome med noko snop til borna. I staden for å vere lydig og gjere som kona seier, listar mannen seg ned i kjellaren og tek på seg noko som liknar på ein kombinasjon av eit kamuflasjetelt og eit stort loddent dyr. Han går ut kjellardøra og listar seg tett innpå borna som står forventningsfulle på trappa med ryggen til, og ventar på snopet. Eg skal seie dei kunne hyle!! (eg sat nemleg i bilen og såg ALT). Då lo eg godt og lenge.....og naboen fekk ikkje besøk før to år seinare, haha! Kanskje eit tips til alle dei kjiipe foreldra som ikkje let borna sine gå halloween. Ikkje ver kjiip, kle deg ut å ha det løye du óg! Er det så nøye....??!

I år: Borna er på veg til naboen, og treff han langs vegen. Han stoppar og seier til dei at det ikkje er nokon heime, men at han har lagt fram snopet på kjøkkenet og dei kan låse seg inn med nøkkelen som heng i uthuset. Og det gjorde dei!!! ....slik er det nemleg på bygda!!
Dette syns eg var både morosamt og spesielt, og eg er 110% sikker på at dette ALDRI har skjedd med nokon i byen!!



 

Stikkord:
Les mer i arkivet » Mars 2012 » Februar 2012 » Januar 2012
hits